
Foto: Helge Skodvin
Jon Fosses etterlengta samarbeid med Erik Poppe, Kjærast, opnar Den 54. norske filmfestivalen 23. august 2026. Filmens regissør, Erik Poppe, vil gå den raude løparen i Haugesund saman med skodespelarane Kristi-Helene Engeberg, Leo Magnus de la Nuez, Arnhild Litleré og Audun Gallefoss.
– Eg gler meg vilt til å opna årets festival med Kjærast! Filmen er verkeleg eit kjærleiksbarn av Fosse og Poppe, med ei forteljing frå eit blendande vakkert vestlandslandskap. Her får vi oppleva den intense, men akk så vanskelege kjærleiken, og det evige saknet etter noko større som ikkje kan forklarast med ord, men som er skapt for biletspråket. Erik Poppe bringar på meisterleg vis Fosses poesi ut på det store lerretet, seier festival- og programsjef Tonje Hardersen.
Ei stor ære
– Det er ei stor ære å få opne Den norske filmfestivalen med Kjærast. Norske filmar har dei siste åra vist eit fantastisk høgt nivå, og å vise filmen på Noregs eldste og største filmfestival er ei glede. Vi ser fram til det, og til at publikum endeleg skal få møte Jon Fosses forfattarskap på det store lerretet, seier filmens produsent Finn Gjerdrum.
Filmens regissør Erik Poppe gler seg óg til å syne filmen i Haugesund.
– Vi lever i ei tid der mykje av det vi ser på film og i seriar skildrar kynisme og menneskeleg avstand. Kanskje er det mest radikale vi kan gjere no, å fortelje historier om nærleik og håp, seier regissør Erik Poppe om sin nyaste film.
Umiskjenneleg Fosse
– Kjærast er ei kjærleikshistorie full av det usagde, ømheit og mystikk – umiskjenneleg Jon Fosse. Samstundes er det kanskje den mest opne døra inn til universet hans for dei som enno ikkje har oppdaga kven han er. Historia kunne ikkje vore filma nokon annan stad enn på vakre vestlandet, og difor er Haugesund den perfekte staden å la denne filmen få møte publikum for første gong, seier Poppe.
Jon Fosse
Forfattar, dramatikar og Nobelprisvinnar Jon Fosse debuterer som manusforfattar for film i den allereie mykje omtala Kjærast. Han er blant dei mest spela nolevande dramatikarane i verda, og stykka hans er omsette til meir enn 50 språk. Nobelkomiteen omtala arbeidet hans som “nyskapande dramatikk og prosa som gjev stemme til det useielege”. Han er mellom anna kjent for verka Prosa frå ein oppvekst (1994), Melancholia (1995), Melancholia II (1996) Trilogien (2007-2014) og Septologien (2019-2021). Fosse er fødd i Haugesund.
Erik Poppe
Erik Poppe har sidan spelefilmdebuten Schpaaa (1998) utmerka seg som filmregissør. Med filmar som Hawaii Oslo (2004), De usynlige (2008) og Tusen ganger god natt (2013) vart namnet hans synonymt med god, norsk film. Dei siste ti åra har han verkeleg levd opp til ryktet sitt med filmar som Kongens nei (2016), Utøya 22. juli (2018), Utvandrerne (2021) og Quislings siste dager (2024). Dei to siste filmane hadde sine høvesvis noregs- og verdspremierar i Haugesund.
Kjærast
Asle og Gerd møtest i ein liten kystby lengst vest mot havet. Dei får ein son, og for ei tid er lykka fullkommen. Men Asle, sjømannen, er rastlaus og blir dregen mot havet, medan Gerd blir att i bygda, åleine med barnet. Avstanden mellom dei veks, og spørsmålet blir stilt: Kor mykje avstand toler kjærleiken?
Filmen er produsert av Paradox og vert distribuert av SF Norge. Den får sin ordinære premiere på norske kinoar 18. september.
Trailer frå filmen finn du her.